Mari Torsteinsrud vann J19 under rulleskisprinten på Geilo laurdag.
Mari Torsteinsrud vann J19 under rulleskisprinten på Geilo laurdag.

Geilo: Kjempa på rulleski

I helga arrangerte Geilo IL, NTG Geilo og bladet Skisport, Geilo sommergrandprix.

Rulleskirennet samla både lokale og tilreisande skitalent frå 12 år og oppover. Totalt var det kring 90 deltakarar påmeldt. Rennet vart arrangert som sprintrenn, med kvalifisering og heat før finalane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre av deltakarane var tilreisande, medan mange i juniorklassane var NTG-elevar som starta skuleåret sist veke. Fleire lokale løparar gjorde det bra i det som for mange var ein peikepinn på seinsommarformen før vinteroppkøyringa startar for alvor.

Mari Torsteinsrud viste lovande takter, og Fjellet-løparen vann 19-årsklassen. Der vart klubbvenninne Vilde Kverndal Veslegard nummer fire. Klassevinnar vart også Synne Mæland-Herheim frå Geilo. Ho møtte mellom andre klubbvenninner og fleire løparar frå Fjellet i den store 17-årsklassen. Ho har vist god rulleskiform tidlegare i sommar, mellom anna med sterke resultat under Blink Festivalen i Sandnes tidlegare i månaden. På gutesida var Erik Espeli (Geilo) einaste halling øvst på pallen. Han vann 15-årsklassen. I dei andre klassane vart det nokre pallplasseringar. Andrea Hagen Hallingstad og Vilde Slaatto vart nummer to og tre i J16.

Resultat Geilo sommergrandprix:

M19-20: 1. Philip Rüger, NTG-G/ Gulset IF/ Team Grenland Ski TIT, 8. Rasmus August Schiellerup, Geilo IL, 8 delt.

M senior: 1. Dag Sander Bjørndalen, Simostranda IL, 2 delt

M 18år: 1. Torjus Klette, Ørnar IL/ Vossalangrenn, 11. Tobias Slaatto, Geilo IL, 11 delt.

M 17: 1. Truls Bonden Hørthe, Lier IL, 8 delt.

K19/20: 1. Mari Torsteinsrud, Fjellet IL, 4. Vilde Kverndal Veslegard, Fjellet IL, 5 delt.

K 18: 1. Gro Njølstad Randby, Oseberg Skilag, 3 delt.

Artikkelen held fram under annonsen.

K 17 år: 1. Synne Mæland-Herheim, Geilo IL, 5. Anna Espeli, Geilo IL, 8. Gro Torsteinsrud, Fjellet IL, 9. Ida Molde Lappegard, Fjellet IL, 12. Marie Molde Lappegard, Fjellet IL, 13 delt.

Jenter 16 år: 1. Marie Mostraum, Osterøy IL, 2. Andrea Hagen Hallingstad, Gol IL, 3. Vilde Slaatto, Geilo IL, 3 delt.

Jenter 15 år: 1. Mathea Tegdal, IL Skrim, 1 delt.

Gutar 15 år: 1. Erik Espeli, Geilo IL, 5 delt.

Jenter 13 år: 1. Agnes Helene Høyven Andersen, Tistedalen FL, 2 delt.

Jenter 14 år: 1. Selma Torvik Mathismoen, Holmen IF, 1 delt.

Gutar 14 år: 1. Christoffer Rüger, Gulset IF, 6 delt.

Jenter 12 år: 1. Helene Tegdal, IL Skrim, 2 delt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gutar 12 år: 1. Petter Jan Spiten, IL Skrim, 3. Mikkel Øyo Simonsen, Geilo IL, 5 delt.