FagmannSignaturen

Avlsoksen

Han avlar dyr som har framifrå jureksteriør og høg mjølkeproduksjon. Og sjølv ser han ut som ein «hunk» med god kjøtfylde og ullkvalitet.

AV Tor Folgerø
Publisert
Oppdatert:


Per Kvelprud

40 år, gift, tre barn, busett på garden Kvelprud i Liagardane i Ål.

Mjølkebonde, sauebonde og juletreseljar.

Sist lesne bok?

Eg les mest faglitteratur: Norsk Landbruk, Sau og Geit, Buskap, og Bedre Gardsdrift. For nokre år sidan starta eg på ei Jo Nesbø-bok, som eg ikkje har lese ferdig. Den siste boka eg las ferdig, var ein biografi om Ole Einar Bjørndalen.

Favorittprogram på TV?

Vintersport og dokumentarar. Eg er ikkje så oppteken av seriar, men ungane likar å sjå «Side om side».

Favorittmusikk?

Eg er lokalpatriot og høyrer helst på musikk som er laga ovanfor Torpomoen. Hellbillies, Stein Torleif Bjella og eg må vel også ta med Svarteper, bandet til bror min.

Favorittmat?

Pinnekjøtt.

Perle i Hallingdal?

Versjøen og Kyrkjetjern er ei perle. Der har me ei fiskebu og fiskerett i vatna.