Gjennom mange år satsa Martin Haugo på terrengsykling, no har fokuset gått frå resultat til opplevingar.
Gjennom mange år satsa Martin Haugo på terrengsykling, no har fokuset gått frå resultat til opplevingar.

Hoppa av eigen karriere for å gi andre store sykkelopplevingar

Etter mange år som konkurransesyklist skjønte Martin Haugo at han fann meir glede i å dele sykkelopplevingane med andre.

Haugo satsa i mange år på å nå norgestoppen i terrengsykling.

Etter mange opp- og nedturar har golingen dei siste åra flytta fokus frå å jakte på gode resultat til å jakte på opplevingar, og dele dei med andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg driv med dei tinga eg alltid har likt best med sykkelsporten, å treffe folk og få gode naturopplevingar. Og no kan eg gi noko tilbake til andre med same interesser, seier Haugo.

I 2016 starta vegen mot det som vart ei kursendring. Han sa opp ein fast jobb i forsvaret, pakka bagen og reiste til Gran Canaria for å jobbe som sykkelguide i tre månader. Sykkelturismen har vakse på øya, som byr på sommarforhold når det er vinter i Norge.

– Eg har vore på Gran Canaria og sykla kvar vinter i mange år, så eg jobba som guide for eit selskap der nokre sesongar. I den perioden hadde eg mykje fritid og mykje tid for meg sjølv. Då innsåg eg at det var det å glede andre menneske og vere tett på naturen som gav meg noko, og at livet var meir enn å konkurrere på sykkel og pushe grenser mest for min eigen del, fortel han.

– Eg er eit sommarmenneske og trivst godt med å bu på Gran Canaria mesteparten av året, seier Martin Haugo.
– Eg er eit sommarmenneske og trivst godt med å bu på Gran Canaria mesteparten av året, seier Martin Haugo.
Martin Haugo og kjærasten Anja Engel drøymer om å leve av sykkelguiding.
Martin Haugo og kjærasten Anja Engel drøymer om å leve av sykkelguiding.
Gjennom firmaet Life on 2 Wheels er draumen å leve av å dele sykkelopplevingar med andre.
Gjennom firmaet Life on 2 Wheels er draumen å leve av å dele sykkelopplevingar med andre.
– Eg har alltid likt å jobbe med folk, og trivst med å gi andre gode opplevingar på sykkelen.
– Eg har alltid likt å jobbe med folk, og trivst med å gi andre gode opplevingar på sykkelen.
I tillegg til guiding og utleige tilbyr også Haugo og kompanjongane transport av syklar og folk i samband med turar.
I tillegg til guiding og utleige tilbyr også Haugo og kompanjongane transport av syklar og folk i samband med turar.
– Det er stor skilnad på dei ulike delane av øya, seier Martin Haugo.
– Det er stor skilnad på dei ulike delane av øya, seier Martin Haugo.
– Gran Canaria er eit paradis for syklistar, meiner Martin Haugo.
– Gran Canaria er eit paradis for syklistar, meiner Martin Haugo.
Ein sykkeltur på Gran Canaria kan også by på store naturopplevingar.
Ein sykkeltur på Gran Canaria kan også by på store naturopplevingar.
Gran Canaria har fleire utfordrande klatreturar for spreke syklistar.
Gran Canaria har fleire utfordrande klatreturar for spreke syklistar.

{{imageLeft}}

Mange moglegheiter

Han treivst som guide og vart godt kjend med folk og naturen på øya. Samstundes såg han at det var rom for betring og at det var fleire ting han ville gjort annleis.

Etter kvart kom tanken om å bruke erfaringar og kontaktar til å starte noko sjølv. I lag med kjærasten, Anja Engel, som han trefte gjennom guidejobben, ein mekanikarkompis og ein annan guide, starta arbeidet med det som no har vorte selskapet Life on 2 Wheels. Heimesida deira vitnar om eit variert tilbod.

– Me har ein visjon om å gjere sykkelferie enkelt for dei som reiser. Me tilbyr fleire ruter med guide for stig- og landevegssyklistar. Me har sykkelutleige av landevegs-, terreng- og elsyklar, og me kan vere shuttle for folk som t.d. vil sykle frå nord til sør på øya, eller motsett. I tillegg har me ein utstyrsbutikk, om folk har gløymt noko eller vil oppgradere det dei har frå før, fortel Haugo, som har tittel som dagleg leiar og guide.

Han meiner øya er eit paradis for syklistar, med mange ruter og plassar dei fleste som har sykla der ikkje kjenner til. Det vil han gjere noko med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange syklar stort sett i sør, der er det vulkansk, tørt og fint. Nordover er det grønare og meir frodig. Me har mellom andre fleire ruter der me køyrer syklistane nord på øya og syklar tilbake på tvers, og ruter som er umogleg å gjere utan guide. Eg trur me kan tilby noko anna enn mange andre, noko som er heilt unikt, meiner han.

Mange element

For Haugo har det teke tid og vore ein lang veg mot det å finne sin eigen retning. Då han slutta i forsvaret for fire år sidan var alle moglegheiter brått opne.

{{imageLeft}} {{imageLeft}}

I løpet av 2017 og 2018 brukte han mange timar på å bygge om ein varebil. Målet var å bygge seg eit rullande hus, som var både transport og base når han var på turar.

– Der kan me sove, lage mat, ha syklar, det er også mogleg å dusje. Det gir ein enorm fridom, og var på mange måtar eit ledd i den retninga mot å rive seg laus frå alle forventningar, kvardagslivet og alle rutinar. Då eg jobba med det prosjektet hadde eg ikkje tid til å konkurrere, og det var ikkje eit sakn. Det var ei openberring for å ta steget vidare, og tørre å satse.

Store delar av året bur han og kjærasten på Gran Canaria, men sommarmånadane har dei i år brukt til å reise rundt i Europa og sykle.

– Eg har ein kjærast med same interesser og visjon som meg, det hjelper. Og eg har framleis naturopplevingar og pushar grenser, men no er det berre for moro og eg har mange å dele det med.

Tok sjansen

Draumen er at det nystarta selskapet skal bli ein stor sykkelfamilie, av folk som deler den same entusiasmen som grunnleggjarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lokala deira i Maspalomas er alle velkomne, anten ein vil hyre guide, leige sykkel, kjøpe ein ny, få hjelp eller berre slå av ein prat over ein kaffikopp.

{{imageLeft}}

– Me håpar å skape eit miljø der alle har den same interessa for naturopplevingar på sykkelen. Me har starta eit selskap med våre verdiar i botnen, og noko eg hadde ynskt å vere med på sjølv om eg var i målgruppa vår. Noko me verkeleg trur på, meiner han.

– Kjennest det godt å ha starta sjølv?

– Både ja, og nei. Sjølvsagt er det ein enorm motivasjon i det. Eg har alltid likt å jobbe med folk, og sykkel er noko eg brenn for. Men det er også veldig usikkert å starte noko sjølv. Eg går all in, og har gode folk med meg. Eg håpar og trur me kan lukkast, og at me har skapt noko me kan leve av.

Eg innsåg at det er å glede andre menneske og vere tett på naturen som gjev meg noko.