Vinterføret er her

Slik ser det ut på vegane i dag.

AV Tone Merete Tho
Publisert
Oppdatert:

Alle fjellovergangane i regionen er opne, men det er vinterføre. Legg derfor ikkje ut på biltur på sommardekk i dag.

Sjå nettkamera frå fjellovergangane her.

Dette melder Statens vegvesen:

Rv7 Hardangervidda

Stort sett snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -3 grader, lett bris og lett snø.

Rv52 Hemsedalsfjellet

Snø- og isdekke og. Klokka 06:02 var det -4 grader, svak vind og lette snøbyger. Klokka 13:30 var det -2 grader, lett bris og lett regn.

Fv40 Dagalifjell

Saken fortsetter under annonsen.


Bart. Klokka 05:32 var det -6 grader, svak vind, skya og lett snø.

Fv50 Hol - Aurland

Snø- og isdekke. Klokka 05:48 var det -1 grad, laber bris og snø. Klokka 13:30 var det 0 grader, lett bris og opphaldsvêr.

FEM TIPS FOR TRYGGARE VINTERKJØRING:

Meir snø

Det vil koma snø og regn både tysdag og onsdag.

Meteorologisk institutt melder om snø over 200-500 meter tysdag og over 500-600 meter onsdag.

Sjå alle nettkamera her.