Sa ja til frådeling av stølseigedom - ny forvaltingspraksis i Gol?

Blir det heretter fritt fram for å splitte opp landbrukseigedomar i Gol?

AV Tor Folgerø
Publisert



Vil ha vurdert om frådeling er lovleg

– Betyr dette at det blir eit etterspel om frådelingssaka?


– Det er det opp til Fylkesmannen å vurdere. Me meiner vedtaket peikar ut ein ny kurs som ikkje er i tråd med tidlegare forvaltingspraksis. Difor har me sendt saka over til Fylkesmannen og bedt om ei vurdering, opplyser avdelingsleiar Petter Owesen i Gol kommune. Han seier det er sjeldan Fylkesmannen overstyrer vedtak som er fatta lokalt, men viss vedtaket er i strid med gjeldande lovverk, kan Fylkesmannen levere motsegn.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen opplyser at saka førebels ikkje er registrert som «mottatt» i journalsystemet.

– Eg kan sjølvsagt ikkje kommentere dette før me har sett oss inn i saka. Men på generelt grunnlag kan eg seie at kommunalt sjølvstyre står sterkt. Fylkesmannen kan likevel gjere om vedtak, dersom det er gjort alvorlege feil, seier Helge Nordby, seksjonssjef på landbruksavdelinga.