Lillian Holden har no teke over ansvaret som ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Ho tek over etter Embrik Luksengard, som har hatt jobben dei siste tre åra.

No er Lillian Holden ansvarleg redaktør

Fredag tok Lillian Holden over som ansvarleg redaktør i Hallingdølen. 33-åringen, som er busett i Nes, etterfylgjer Embrik Luksengard, som har hatt jobben dei siste tre åra.

– Eg er både spent og full av gode forventningar. Det er spennande å gå inn i ein jobb med så mykje ansvar. Samtidig kjenner eg meg trygg. Hallingdølen er eit solid mediehus å arbeide i. Eg kjem til å ha erfarne, og dyktige, kollegaer rundt meg hele tida, seier Lillian Holden.

Les også
I dag blir Hallingdølen ny: – Eit stort digitalt steg

Den nye redaktøren starta som journalist i Hallingdølen i september 2018. Sidan i sommar har ho arbeidd som vaktsjef i redaksjonen. Til Hallingdølen kom ho frå sporten i VG, der ho arbeidde i om lag ti år. Dei siste åra i VG vekependla ho til sambuar i Nes. Fotballinteresserte kjenner namnet hennar frå HFK sitt damelag, der ho som keeper har vore siste skanse i forsvaret dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lim og lupe

– Som redaktør i lokalavisa blir du no fyrste skanse i forsvaret av utvikling, busetting og samferdsle i Hallingdal?

– Nifst, men sant. På den andre sida så er det godt å vite at lokalavisa har ein viktig og verkeleg funksjon. Klisjeen lyder; «lokalavisa er lim og lupe i samfunnet». Uttrykket er litt slite, men det er sanning i det. Me kan ta eit eksempel. Korleis skal eit krav om betre vegar blir høyrt, hvis ikkje lokalmedia tek tak i det?, seier Lillian Holden.

No ventar det henne ein jobb som for dei fleste i bransjen blir bortimot altoppslukande. Straumen av nyheiter stoppar aldri opp. Sjølv starta ho tidleg i faget. – Eg var om lag 13 år gamal då eg tok til som frilansar i lokalavisa Arbeidets Rett heime på Røros.

Forventningar

Kva ventar du deg av jobben som redaktør?

– Det blir ein utfordrande, morosam og krevjande jobb å ta fatt på. Eg er audmjuk overfor oppgåva. Men det er et lagspel å lage avis, og Hallingdølen-laget fylt med dyktige medarbeidarar i alle ledd. Det gjer at eg er sikker på at me saman skal halde fram med å lage ei av landets beste lokalaviser.

Les også
Opplagsveksten held fram for Hallingdølen

– Kva for utvikling ser du for deg i Hallingdølen i åra som kjem?

– Me må greie kunsten å ha to tankar i hovudet på ein gong: Papir og digitalt. Papiravisa vår er eit tradisjonsrikt og solid produkt som me skal fortsette å satse like hardt på. Det er vårt hovudprodukt. Samtidig skal me auke satsinga vår digitalt. Der har me ein del å gå på, og me må vere med på den utviklinga som skjer i mediebransjen, seier ho.

Bakgrunn

Når Lillian Holden no avløyser Embrik Luksengard som redaktør skjer det ei plassbytte internt. Embrik held fram som vaktsjef/utgåvesjef i avisa. Om etterfylgjaren seier han:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lillian har ein perfekt bakgrunn for å bli redaktør i Hallingdølen. Solide røter i lokalavisa Arbeidets Rett på Røros, kombinert med nyttig erfaring frå VG. Dette blir bra! Eg føler at det er trygt å slutte når ein så dyktig person som Lillian Holden tek over. Ho kan faget, og har dei beste forutsetningane for å utvikle Hallingdølen vidare, seier Luksengard.

Skiftet av redaktør markerer fleire merkesteinar i Hallingdølens historie. Lesarar som har fylgd Hallingdølen lenge vil notere seg Hallingdølen no har fått sin fyrste kvinnelege redaktør. I neste veke vil dei same observante lesarane sjå at avisa også har fått ny utsjånad. Både papirutgåva og nettutgåva kjem i ny drakt. Internt i Hallingdølen vil difor leiarskiftet i fyrste omgang bli markert med ein svært hektisk arbeidsperiode.

– Den fyrste tida blir det neppe tid til å fundere på om eg har valt rett. Det er kanskje like greitt, smiler ho.