DuellNyheiter

Nes: Bygdelista satsar på Ap og Sp, ... men det gjer også Høgre

Trass i brakvalet til Nes bygdeliste er det heilt uvisst kven som blir ordførar i kommunen.

AV Arne Ole Lindahl
Publisert



Nye fjes

Mange nye politikarar

Av 21 representantar er det ni nykomlingar i det nyvalde Nes kommunestyre. Fire av desse kjem frå Bygdelista, to frå Ap, to Sp og ein Høgre-representant. 


Færre kvinner

Det blir færre kvinner i det nye Nes kommunestyre enn i dag.

– Det er trist at det ikkje vart valt inn fleire kvinner. Eg skulle ønskt det hadde vore fleire enn dei fem som kom inn, seier ordførar Tore Haraldset frå Bygdelista. For fire år sidan vart det valt inn sju kvinner i Nes kommunestyre.