Investorar krev pengane tilbake

Privatpersonar kan ha investert summar i millionklassen i utbyggingsprosjekt knytt til Dagali flyplass og Bjørn-Arild Woll. Investeringane er gjort i selskap som ikkje eksisterer og i eit område Hol kommune og andre eig.

AV Magnus Lindahl
Publisert



Vil starte med oppdrett av ørett

På LinkedIN og eiga heimeside vart dette prosjektet lansert i sommar: 
Oppdrett av ørrett gjennom selskapet True Trout AS. Heller ikkje dette selskapet er nokon gong registrert i Brønnøysundregistra. I dette prosjektet kunne folk kjøpe seg inn som investorar med summar frå 100.000 til 400.000 kroner. Prosjektet skulle utviklast slik:
n 2019: Etablere firmaet og søke konsesjon. Investeringar på tre millionar dollar. 
n 2020: Starte bygginga. Investering: 100 millionar dollar. 
2021: Ferdigstille bygginga. 
n 2022: Starte produksjon. Venta å hauste 10.000 tonn. Estimert inntekt 110 millionar dollar i året og eit forventa overskot på 75 millionar dollar.