Han tek ordførarklubba i Nore og Uvdal

Ap takka nei til å forhandle med Senterpartiet.

AV Torbjørn Gunhildgard
Publisert
Oppdatert:



SV og Frp støttar Arbeiderpartiet

– Det har lenge vore klart at me vil stemme for at Arbeiderpartiet får ordføraren.

Det seier Tov Sandnæs, SV sin eine representant i kommunestyret i Nore og Uvdal.

Partiveteranen forsvarte plassen sin. Også i komande periode blir Sandnæs åleine i SV-gruppa med Magnhild Karsrud som fyrste vara. 

– Sjølv om eg kjem til å stemme for at Ap får ordføraren, er eg skuffa over miljøengasjementet til partiet. Men eg håpar ikkje Senterpartiet blir isolert i forhandlingane. Samarbeidsklimaet er ikkje tent med det, seier Sandnæs.

SV og Fremskrittspartiet vart akkurat like store, eller like små, i Nore og Uvdal med 5,7 prosent av stemmene. Begge småpartia på ytterfløyene i politikken håpa å få inn to representantar og er skuffa over at dei må nøye seg med ein.


No er dei invitert til forhandlingar med Arbeiderpartiet saman med Høgre.

Også Frp sin representant i det nye kommunestyret, Morten Rudi Sommer, opplyser at han kjem til å stemme for Bjerke som ny ordførar.
– Eg støttar Ap i ordførarkampen, seier Sommer.