Gjengjeldingssaka i Hemsedal lagt vekk på nytt:

– Denne skandalen berre veks

Gjengjeldingssaka i Hemsedal er nok ein gong lagt vekk. – Det komsom lyn frå klar himmel. Eg har ikkje ord, seier advokat Birthe Eriksen.

AV Lillian Holden
Publisert
Oppdatert:



Dette er gjengjeldingssaka

* Hausten 2014: Seks tilsette i Hemsedal kommune varslar kommuneleiinga om kritikkverdige forhold i oppvekstsektoren. Samtidig uttrykker helsepersonell bekymring for sjukefråværet.

* Fem av varslarane sa opp sine stillingar i kommunen. Den sjette meiner å ha blitt utsett for såkalla gjengjelding frå nokon i kommunen. Saka har vore kjent som «varslarsaka» i Hemsedal, men det er påstandane om gjengjelding som har vore gjenstand for etterforsking.


* På bakgrunn av dette bad kontrollutvalet om ein forvaltningsrevisjon frå Kommunerevisjon IKS hausten 2016. Den vart lagt fram i 2017, utan at det vart konkludert med at det hadde skjedd gjengjelding. Men dei kunne samtidig heller ikkje avkrefte det.

* Varslaren melde hausten 2017 saka til politiet. Dei starta etterforsking i januar i fjor, og saka har vore under arbeid heilt fram til i vår. Då bestemte politiet seg for å legge saka vekk – denne avgjerda var datert 29. mars.

* Både fornærma i saka og Hemsedal kommune klaga deretter saka inn for Statsadvokaten. To politimenn, etterforskaren og politileiaren som vedtok å legge vekk saka, vart også meldt til Spesialeininga for politisaker. Spesialeininga har enno ikkje konkludert i saka.

* Statsadvokaten tok klagene frå partane til følge, og bad i eit brev datert 20. juni om at politiet tok opp att etterforsking.

* Den 9. oktober fekk partane beskjed om at saka nok ein gong er lagt vekk. Årsaka er at «intet straffbart forhold anses bevist».