Dei kodar seg heile vegen til Gjøvik

Kodeklubben Gol skal i helga delta i First Lego League på NTNU i Gjøvik som eit av dei yngste laga. – Det kan bli spesielt gøy, seier Halvor Brunvoll Engebakken (10).

AV Elias Dahlen
Publisert
Oppdatert:

– Velkommen til vår innovative idé!

Fem 10 og 11-åringar står og øver på framføringa dei skal halde om få dagar. Dei skal delta i det som blir kalla verdas største teknologi- og kunnskapskonkurranse for born og unge, First Lego League.

Ein del av helgas konkurranse er å presentere sin eigen ide under temaet «City Shaper». Gjengen frå Gol har i fellesskap laga ein eigen prototype dei kallar Søppelrobot 3000: Ein sjølvkøyrande robot som resirkulerer ved hjelp av sensor.

– Me har samarbeidd om ideen, og trur at søppelroboten vil hjelpe oss med å få reinare natur og betre klima, seier Linnea Ómarsdóttir (10).

Nokre foreldre står og høyrer på, og minner dei på at det er viktig å snakke høgt. Å svare på spørsmål om prosjektet må dei også øve på.

– Finst den frå før? spør dei.

– Det finst ein i havet, ikkje slik som vår, seier Marius Opheim Brønno (10).

– Men me fekk ideen frå hjernen vår, legg dei andre til.

Lego på tid

Kodeklubben blei starta i vinter tidlegare i år og møtest på Gol bibliotek. Stort sett er det måndagar, men leiar i klubben, Robert Brunvoll, innrømmer at det har blitt litt fleire gonger dei siste vekene opp mot helgas konkurranse.

– Det har vore ein del i det siste, og det er vårt fyrste år, så det blir mykje læring for alle som er med. Tidlegare i år dreiv me med eit program som heiter Scratch for spelkoding, men no driv me med Lego mindstorms som er ein del av konkurransen i Gjøvik. Det begynte me med for åtte veker sidan, seier han.

Ein del av konkurransen First Lego League skjer med robotar ein sjølv designar og bygger med legoklossar og ein såkalla EV3-hjerne. Ved hjelp av blokkprogrammering i tilhøyrande programvare får ein roboten til å utføre ulike oppgåver på eit «spelbrett». Alle deltakande lag i Gjøvik har 2,5 minuttar på å utføre flest mogelege oppgåver for å sanke flest poeng på det same brettet.

Samarbeid med næringslivet

Klubben tilhøyrer interesseorganisasjonen «Lær kidsa koding», totalt finst det om lag 175 over heile landet. Klubben i Gol er Hallingdals einaste.

– Me har samarbeidd mykje med kodeklubben i Valdres og fått mykje tips frå dei, seier Brunvoll.

Saken fortsetter under annonsen.


Klubben er klar for å ta i mot fleire og oppfordrar interesserte til å ta kontakt:

– Det hadde og vore kjekt med fleire kodeklubbar i Hallingdal. Då kunne me ha delt på utstyr, erfaringar og kompetanse, seier Brunvoll.

I forbindelse med helgas konkurranse har borna vore i kontakt med næringslivet i arbeidet med Søppelrobot 3000 for å få eksperttips:

– Det finst mykje spennande næring her i dalen som jobbar med teknologi, eg håper me kan få til bedriftsbesøk med klubben etter kvart.

Klubb ikkje skule

Ideen til kodeklubben er leik og læring med programmering.

– Ingen av me foreldre som er frivillige har IT-bakgrunn. Men me får det til i lag, seier Brunvoll.

Linnea Ómarsdottir tykkjer det er kjekt med koding:

– Det er gøy å programmere og lage ting. Heime brukar eg også å kode og spele tv-spel. Eg har faktisk ein onkel som jobbar med koding, seier ho.

Men ho innrømmer at ho er litt nervøs for å presentere Søppelrobot 3000 i Gjøvik:

– Eg trur eg må pugge teksten meir.

For foreldra er det viktig at kodeklubben handlar om å oppdage teknologi men også om å ha det kjekt. Kvar gong dei møtest brukar dei å runde av med dataspel.

– Det blir litt «godteri», men det skal vere ein klubb ikkje skule, seier Brunvoll og smiler.