Nes støttar Hallinghelse

Nes kommunestyre har slutta seg til forslaget om ei vidareføring av Hallinghelse med 2,5 faste kjernestillingar. Det er ei ny stilling som dagleg leiar og ein vidareføring av tre halve rådgjevarstillingar. Dei tenesteytande stillingane blir vidareført.

– Dette er eit prosjekt me har nytte av. Det er vanskeleg å drive dette på eiga hand, sa Geir Olav Garthus (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Meirkostnaden for Nes neste år blir 147.000. Totalt må Nes betale 563.000 kroner i 2020.