Front mot front på Rv7 ved Nesbyen

To bilar frontkolliderte på Rv7 ved Nesbyen sundag. To personar vart køyrd til legevakt for oppfølging, men ifølgje politiet dreier det seg truleg ikkje om alvorlege personskader.

Det var klokka 14:35 politiet fekk melding om front mot frontkollisjon mellom to køyretøy på Rv7. Det vart redusert framkomst på staden, som førte til forseinkingar i trafikken. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt etter klokka 16 opplyste operasjonsleiar for politiet Sør-Øst, Ole Kamben, at vegen då var open for ferdsel, men at ein framleis må rekne med noko forseinking. 

– Ulukka skjedde ved avkøyringa til Nesbyen frå riksvegen, og det var to bilar involverte. Begge bilane har ein del skader. Ein av bilførarane var ein mann i slutten av tenår, som fekk førarkortet midlertidig beslaglagt, seier Kamben.